Forside Om klubbene Bergen Wushuklubb Dokumenter Arbeidsoppgåvene for styret

Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Arbeidsoppgåvene for styret

Styret er saman om å løyse oppgåvene. At ein person i eit verv har ansvar for ei oppgåve betyr ikkje nødvendigvis at personen sjølv må utføre oppgåva, men at ein har ansvar for at den vert utført. Ved spesielle arrangement og anledninger set ein ned komiter som kan bestå av styremedlemmer og klubbens øvrige medlemmer.

Kvart styremøte bør starte med ein statusrapport om økonomi, medlemstal og kva som er gjort sidan forrige møte. Møte bør avsluttast med ein gjennomgang av kven som gjer kva frem til neste møte.

Leiar

  • Kontakt med hovudinstruktør
  • Kontakt med klubber og organisasjonar me samarbeider med
  • Kalle inn til styremøte og lage saksliste
  • Kontaktperson utad og svare på spørsmål til klubben
  • Oversikt over økonomi, medlemmer og arrangement
  • Skrive søknader og halde frister
  • Beherske NKF sitt medlemsverktøy

Nestleiar

  • Ansvar for den årlege idrettsregistreringa
  • Skrive årsmelding
  • Vere stedfortreder for leiar ved fråvær

Kasserar

  • Ansvarleg for å kontrollere at registrerte medlemmer har betalt
  • Setje opp budsjett og føre rekneskap
  • Ha oversikt over den økonomiske stoda i forhold til budsjett
  • Beherske NKF sitt medlemsverktøy
  • Betjene nettbanken

Medlemskontakt

  • Ansvarlig for å samle inn og organisere medlemslister
  • Informere medlemmene om saker og ting på trening
  • Beherske NKF sitt medlemsverktøy

Informasjonsansvarleg

  • Ansvar for at all informasjon vert publisert på nettsider og epostliste
  • Ansvar for at sidene er oppdatert og leggje ut bilder ol.
  • Trykkje og distribuere plakater, infometeriell og brosjyrer

Styremedlem

  • Delta på styremøte og hjelpe til med utføring av oppgåvene til styret

 

 

 

Sovande verv

Arrangementansvarleg

  • Ha ansvar for det sosiale under instruktørbesøk

  • Organisere sosiale hendelser som td. festivitas

  • Ordne lokaler til instruktørbesøk og andre arrangement

Sekretær

  • Forfatte brev og lage skjemaer

  • Referent på møter


Side-alternativer

Bruk slideren under bildene for å bla. Sjå fleire bilder på Flickr